Nordisk samarbeidskomité for namnegransking (NORNA) lyser ut eitt (1) reisestipend for unge namneforskarar som vil delta på NORNA-symposiet Namn och kulturarv i Reykjavík 19.–21. mai 2026. Stipendet vil dekkja reise- og buutgifter inntil SEK 8000.
Stipendet er tiltenkt master- eller doktorgradsstudentar utan institusjonell finansiering som vil halda innlegg på symposiet. Søknaden skal innehalda:
- ein kort presentasjon av søkjaren (særskilt studium og vitskapleg verksemd)
- ei kort grunngjeving for deltakinga i symposiet (særskilt korleis dette vil fremja studiane eller forskinga til søkjaren)
- eit samandrag (abstract) av innlegget (maks 500 ord, sjå retningslinene for symposiet)
- bevis på studentstatus (kopi av studentbevis eller skriftleg stadfesting frå rettleiar)
- ev. andre særlege grunnar eller merittar som vil kunna stø søknaden.
Det er ogso mogeleg å søkja reisestipend utan å halda innlegg på symposiet. I so fall skal søkjar sjå vekk frå punkt 3 i lista ovanfor.
Send søknad med ev. vedlegg på e-post til sekretariatet@norna.org innan 31. oktober 2025. NORNA‑komitéen gjer vedtak om utdeling og melder frå til søkjarane før utgangen av desember 2025.
Ved spørsmål, ta kontakt med sekretariatet eller aktuelle NORNA-komitémedlemer.
--
Ytterligare information från arrangörer av symposiet:
Stipendiaten kommer att ha tillgång till rum i ett boende som tillhör Islands Universitet och finns bara några få meter från konferenslokalen (kostnaden er ca. 2900 SEK för 18–22 maj 2026).
Stipendiaten betalar inte konferensavgift (inklusive utflykt och konferensmiddag)